økonomi

Linda Eide sa farvel til et normalt liv.

Linda Eide sa farvel til et normalt liv.

Nord universitets campus på Røstad i Levanger. Universitetet må kutte opptil ti prosent av totalbudsjettet.
Publisert Oppdatert

Omstillingsprosjektet som er i gang ved Nord universitetet fører allereie på årets budsjett til kutt på 50 millionar kroner. Neste år må det hentast inn 80 millionar. 

Fram mot 2026 og 2027 tilseier prognosane at 150 millionar kroner må kuttast, eller hentast inn med inntekter universitetet ikkje har i dag. Det svarer til mellom 8 og 10 prosent av heile budsjettet til Nord universitet.

Kutta ligg an til å bli vesentleg større enn det som har gått fram av tidlegare prognosar. Nedskaleringa har direkte samanheng med lågare studenttal i profesjonsstudia, mellom anna lærarutdanningane.

Omstillingsprosjektet og den økonomiske situasjonen står på dagsordenen når Nord-styret samlast til møte i Levanger 8. mai.

— Det føreset at det ikkje kjem ytterlegare nedtrekk frå regjeringa eller Kunnskapsdepartementet, seier rektor Hanne Solheim Hansen til Khrono.

— Færre tilsette

Hansen gjer det klart at Nord universitet i framtida kjem til å bli eit universitet med færre tilsette enn i dag.

— Kan innsparingane føre til oppseiingar, eller er dette noko du kan utelukke?

— Vi har heilt sidan vi starta omstillingsprosjektet sagt at vi må gjere mange tiltak for å redusere drifts- og lønskostnader. Totalt sett må vi redusere aktiviteten, og det betyr at vi på sikt må bli færre tilsette. Vi har per i dag ikkje planar om oppseiingar, seier Hansen.

Ho peikar på dei oppdaterte prognosane som Nord tar utgangspunkt i, og som viser at økonomien om eit par år vil bli endå strammare enn i dag.

Rektor ved Nord universitetet, Hanne Solheim Hansen, seier ho lovar å involvere dei tilsette i kuttprosessane framover.

— Det betyr at vi må gjennomføre tiltak som har langsiktig effekt, ikkje berre kortsiktige tiltak. Derfor blir det nokon krevjande rundar med å tilpasse aktiviteten til dei midla vi har tilgjengeleg framover, seier Hansen.

Rektoren seier også at det blir jobba «breitt med planar for å ta ned aktiviteten».

— Vi jobbar kontinuerleg med å ha god dialog med dei tilsette i prosessen, og ambisjonen er at vi skal ha god involvering i dei krevjande prosessane som kjem.

Linda Eide sa farvel til et normalt liv.

Saksutgreiinga til Nord-styrets møte 8. mai peikar på «fortsatt risiko knyttet til tilstrekkelig forståelse og aksept i organisasjonen for de endringer som det er behov for».

Vidare heiter det at «verken sektoren eller Nord universitet har kultur for, eller særlig erfaring med, betydelige kostnadskutt og tilhørende tiltak».

— Betyr dette at kutta som no kjem ikkje er kjende, og vil kome overraskande på dei tilsette?

— Sektoren har stort sett erfaring med vekst, og institusjonane lite erfaring med store økonomiske nedtrekk. Det betyr at vi også har lite erfaring i organisasjonen med involvering, der målet er å redusere aktiviteten. Det krev ekstra stor involvering, og det skal vi få til.

Ifølgje Hansen arbeider leiinga saman med dei tillitsvalde mellom anna med å lage ei omstillingshandbok.

Nord universitet er ikkje åleine om å måtte svinge sparekniven. Universitetet i Søraust-Noreg, OsloMet og Universitetet i Stavanger er blant dei som har meldt om til dels omfattande sparetiltak og kuttplanar.



Powered by Labrador CMS