dag rune olsen

Blei vald til president: ­
— Det er sjølvsagt ei ære

Linda Eide sa farvel til et normalt liv.

Portrett av Dag Rune Olsen
Dag Rune Olsen har blitt president.

— Eg skal jobbe for at nettverket held fram med det gode arbeidet, og påverke EU sin forskings-, utdannings- og innovasjonspolitikk. Det vil òg tene UiT i på sikt.

Det uttalar rektor ved UiT Noregs arktiske universitet, Dag Rune Olsen, i ei pressemelding.

Linda Eide sa farvel til et normalt liv.

På ei generalforsamling for YERUN nyleg blei Olsen vald til president for nettverket, som er eit europeisk universitetsnettverk for «unge» forskingsuniversitet.

— Det er jo sjølvsagt ei ære, seier rektoren.

YERUN har blant anna som hovudoppgåve å påverke og gje råd om EU sin politikk for å forme framtida til universiteta og ha ein reell innverknad på rolla og karakteren til høgare utdanning i Europa.

Nettverket skal også fremje samarbeid og transformative aktivitetar blant medlemmene, med sikte på å leggje til rette for forbindelsar.

Linda Eide sa farvel til et normalt liv.

Det er 22 universitet med i YERUN, i all hovudsak frå Vest-Europa. Frå Noreg er det berre UiT Noregs arktiske universitet og Universitetet i Søraust-Noreg (USN) som er medlem. 

YERUN skal leggje til rette for samarbeid, men òg vere ei røyst for nettverket inn i Brussel, står det i pressemeldinga frå UiT.

Dag Rune Olsen seier at ein som del av nettverket får god og oppdatert informasjon om kva som skjer i EU.

— I tillegg lærer institusjonane i nettverket av kvarandre, vi byggjer ein felles oversikt over EU sine utlysingar, og søkjar samarbeid der dette er mogleg, seier Olsen.

Powered by Labrador CMS