høgskulen i volda

Linda Eide sa farvel til et normalt liv.

Linda Eide sa farvel til et normalt liv.

Unni Hagen har tidlegare stilt som rektorkandidat ved Høgskolen i Østfold. Ho måtte trekka kandidaturet sitt ved Høgskulen i Volda, der ho i dag er dekan. No ønskjer ho å halda fram med akkurat det.
Publisert Oppdatert
Fakta

Linda Eide sa farvel til et normalt liv.

  • Kari Leikanger Buset (61), høgskulelektor, Høgskulen i Volda
  • Henriette Hafsaas (45), forskingssjef Høgskulen i Volda
  • Jarl Hagen (65), instituttleiar Høgskolen i Østfold
  • Kawa Hessno (44), stipendiat Universitetet i Oslo
  • Erlend Krumsvik (52), forretningsutviklar
  • Silje Ims Lied (48), førsteamanuensis Høgskulen i Volda
  • Ingrid Steinshamn (38), høgskulelektor ved NLA Høgskolen
  • Jon Are Steen (51), rektor


Unni Hagen (67) var nominert og hadde takka ja til å stilla som rektorkandidat ved Høgskulen i Volda. Men då ho ikkje fekk med seg nokon prorektorkandidat måtte ho trekka kandidaturet sitt.

No er Hagen ein av fire søkjarar til stillinga som dekan ved Avdeling for kulturfag, ei stilling ho også har i dag.

Linda Eide sa farvel til et normalt liv.

Hagen får konkurranse frå tre andre søkjarar.

Ein av dei, Bjørn Sæterås, er intern. Han er i dag studieleiar for praktisk-pedagogisk utdanning ved høgskulen.

I tillegg har Jon Are Steen og Britt Folkedal Berentzen søkt stillinga.

Linda Eide sa farvel til et normalt liv.

Det var tre dekanstillingar som vart lyst ut. Til stillinga ved avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har det meldt seg åtte søkjarar.

Fleire av dei er interne: Både Kari Leikanger Buset, Henriette Hafsaas og Silje Ims Lied er i dag tilsette ved Høgskulen i Volda.

Linda Eide sa farvel til et normalt liv.

Planen er å tilsetja dekanar for desse to avdelingane i styret sitt mars-møte. Fungeringsperiode er frå august, samstundes som høgskulen òg får ny rektor.

For den siste stillinga, dekan for Avdeling for samfunnsfag og historie, er søknadsfristen utvida. Her melde det seg ingen søkjarar, heiter det i nyheitsbrev frå høgskulen. Ny søknadsfrist vert 23. januar.

Powered by Labrador CMS